6 Ho voks og vart til ein vinstokk,frodig, men låg av vekst,så rankene bøygde seg mot ørnaog røtene voks inn under henne.Ho vart til ein vinstokk som fekk greinerog strekte ut sine kvister.
7 Men det var ei anna stor ørnmed store venger, med mektig fjørham.Og sjå, vinstokken tøygde sine røterbort imot henne,bøygde greinene mot henne,så ho skulle gje han meir vatnenn jordstykket han var planta i.
8 I god jord, ved mykje vatn,var vinstokken planta,så han kunne få greiner og bera fruktog bli ein framifrå vinstokk.
9 Sei: Så seier Herren Gud:Kjem han til å trivast?Kjem ikkje røtene til å bli rivne opp,vinstokken til å bli ribba for fruktog kvart friskt skot til å tørka?Når han tørkar,trengst det ingen sterk armeller mykje folktil å riva han opp med rot.
10 Sjå, no er vinstokken planta.Men vil han trivast?Vil han ikkje berre tørkanår austavinden når han,tørka ut i den jorda der han voks?
11 Herrens ord kom til meg:
12 Sei til den trassige ætta: Skjønar de ikkje kva dette tyder? Sei no: Babel-kongen kom til Jerusalem, tok kongen og stormennene hennar og førte dei med seg til Babel.