14 Men så kan det henda at han får ein son som ser alle syndene faren har gjort, og blir skremd av det, så han ikkje gjer det same.
15 Han et ikkje offerkjøt på haugane, lyfter ikkje auga til avgudane som Israels hus dyrkar, krenkjer ikkje kona til nesten sin,
16 er ikkje hard med nokon, tek ikkje pant og driv ikkje med ran og rov, men gjev brød til den svoltne og klede til den nakne.
17 Han legg ikkje hand på ein hjelpelaus, tek ikkje rente og avgift, men lever etter lovene mine og følgjer forskriftene mine. Han skal ikkje døy fordi far hans har synda. Nei, han skal leva.
18 Men far hans, som undertrykte, rana og røva frå bror sin og gjorde det som ikkje er godt blant folket sitt, sjå, han må sjølv døy for si synd.
19 De vil kanskje spørja: «Kvifor skal ikkje sonen bera skulda til faren?» Men sonen har gjort det som er rett og rettferdig, han har halde forskriftene mine og levd etter dei. Han skal få leva.
20 Den som syndar, skal sjølv døy. Ein son skal ikkje bera skulda til faren, og ein far skal ikkje bera skulda til sonen. Den rettferdige skal få att for si rettferd, og den urettferdige skal råkast av sin eigen urett.