18 Men far hans, som undertrykte, rana og røva frå bror sin og gjorde det som ikkje er godt blant folket sitt, sjå, han må sjølv døy for si synd.
19 De vil kanskje spørja: «Kvifor skal ikkje sonen bera skulda til faren?» Men sonen har gjort det som er rett og rettferdig, han har halde forskriftene mine og levd etter dei. Han skal få leva.
20 Den som syndar, skal sjølv døy. Ein son skal ikkje bera skulda til faren, og ein far skal ikkje bera skulda til sonen. Den rettferdige skal få att for si rettferd, og den urettferdige skal råkast av sin eigen urett.
21 Men når ein urettferdig vender om frå all si synd, når han held alle forskriftene mine og gjer det som er rett og rettferdig, då skal han leva og ikkje døy.
22 Alle syndene han har gjort, skal vera gløymde. Fordi han har gjort rett, skal han leva.
23 Skulle det vera min vilje at den urettferdige døyr, seier Herren Gud. Nei, eg vil at han skal venda om frå sine vegar og leva.
24 Men når ein rettferdig vender seg bort frå si rette ferd og gjer urett, allslags avskyelege gjerningar som den urettferdige gjer, skulle han då få leva? Alle dei rettferdige gjerningane han har gjort, skal vera gløymde. For si truløyse og for si synd skal han døy.