24 Men når ein rettferdig vender seg bort frå si rette ferd og gjer urett, allslags avskyelege gjerningar som den urettferdige gjer, skulle han då få leva? Alle dei rettferdige gjerningane han har gjort, skal vera gløymde. For si truløyse og for si synd skal han døy.
25 No vil de kanskje seia: «Herren går ikkje fram på rett vis.» Høyr då, Israels hus! Er det eg som ikkje går fram på rett vis? Er det ikkje de som gjer urett?
26 Når ein rettferdig vender seg bort frå si rette ferd og gjer urett, skal han døy på grunn av det. For sin eigen urett skal han døy.
27 Men når ein urettferdig vender om frå si urettferd og gjer rett og rettferd, då skal han berga livet.
28 Fordi han såg og vende om frå alle syndene han hadde gjort, skal han leva og ikkje døy.
29 Israelittane vil kanskje seia: «Herren går ikkje fram på rett vis.» Men er det eg som ikkje går rett fram? Er det ikkje de som gjer urett?
30 Difor, israelittar, skal eg dømma kvar og ein av dykk etter det han har gjort, seier Herren Gud. Vend om, vend om frå alle syndene, så inga skuld skal fella dykk.