29 Israelittane vil kanskje seia: «Herren går ikkje fram på rett vis.» Men er det eg som ikkje går rett fram? Er det ikkje de som gjer urett?
30 Difor, israelittar, skal eg dømma kvar og ein av dykk etter det han har gjort, seier Herren Gud. Vend om, vend om frå alle syndene, så inga skuld skal fella dykk.
31 Kast frå dykk alle syndene de gjer, og skaff dykk eit nytt hjarte og ei ny ånd! Kvifor vil de døy, de israelittar?
32 Eg krev ikkje at nokon skal døy, seier Herren Gud. Vend om, så skal de leva!