3 Så sant eg lever, seier Herren Gud: De får ikkje bruka dette ordtaket meir i Israel.
4 Sjå, alt liv høyrer meg til, både livet til faren og livet til sonen. Den som syndar, skal døy sjølv.
5 Ein mann som er rettferdig og gjer rett og rettferd,
6 han et ikkje offerkjøt på haugane og lyfter ikkje auga til avgudane som Israels hus dyrkar. Han krenkjer ikkje kona til nesten sin og kjem ikkje nær ei kvinne når ho er urein.
7 Han er ikkje hard med nokon, men lèt skuldmannen få pantet sitt tilbake. Han ranar og røvar ikkje, men gjev brød til den svoltne og klede til den nakne.
8 Han låner ikkje ut mot renter og tek ikkje avgift. Han held si hand frå urett og dømmer rett i strid mellom menneske.
9 Han følgjer mine forskrifter og held trufast mine lover. Han er rettferdig, han skal få leva, seier Herren Gud.