5 Ein mann som er rettferdig og gjer rett og rettferd,
6 han et ikkje offerkjøt på haugane og lyfter ikkje auga til avgudane som Israels hus dyrkar. Han krenkjer ikkje kona til nesten sin og kjem ikkje nær ei kvinne når ho er urein.
7 Han er ikkje hard med nokon, men lèt skuldmannen få pantet sitt tilbake. Han ranar og røvar ikkje, men gjev brød til den svoltne og klede til den nakne.
8 Han låner ikkje ut mot renter og tek ikkje avgift. Han held si hand frå urett og dømmer rett i strid mellom menneske.
9 Han følgjer mine forskrifter og held trufast mine lover. Han er rettferdig, han skal få leva, seier Herren Gud.
10 Det kan henda at den rettferdige får ein son som blir røvar og drapsmann og gjer noko av dette mot ein bror
11 som han sjølv aldri har gjort. Kanskje han til og med et offerkjøt på haugane og krenkjer kona til nesten sin,