2 og seia:Kva var mor di?Ei løvinne mellom løver.Ho låg mellom ungløver, ho fostra ungane sine.
3 Ho alte opp ein av ungane,ei ungløve vart han.Han lærte å riva sund bytte,han åt opp menneske.
4 Folkeslag fekk høyra om han,han vart fanga i deira fallgrav.Med nasekrokar førte dei han til Egypt.
5 Ho såg at ho venta forgjeves,håpet var ute.Då tok ho ein annan unge,ho gjorde han til ungløve.
6 Han gjekk der mellom løver,og ei ungløve vart han.Han lærte å riva sund bytte,han åt opp menneske.
7 Han øydela borgeneog la byane i ruinar.Landet og alt som fanst der,stivna av skrekk ved lyden av brøla hans.
8 Folk frå landa omkringsette då ut sine garn.Dei spreidde dei ut over han,og han vart fanga i fallgrava deira.