4 Folkeslag fekk høyra om han,han vart fanga i deira fallgrav.Med nasekrokar førte dei han til Egypt.
5 Ho såg at ho venta forgjeves,håpet var ute.Då tok ho ein annan unge,ho gjorde han til ungløve.
6 Han gjekk der mellom løver,og ei ungløve vart han.Han lærte å riva sund bytte,han åt opp menneske.
7 Han øydela borgeneog la byane i ruinar.Landet og alt som fanst der,stivna av skrekk ved lyden av brøla hans.
8 Folk frå landa omkringsette då ut sine garn.Dei spreidde dei ut over han,og han vart fanga i fallgrava deira.
9 Med nasekrokar fekk dei han i burog førte han til kongen i Babel.Der sette dei han i ei festning,så brøla ikkje skulle høyrast meirover fjella i Israel.
10 Mor di var som ein vinstokk i hagen din,planta attmed vatn.Han var rik på frukt og fekk mange greiner,for han fekk godt med vatn.