1 Han sa til meg: «Menneske! Reis deg opp, så skal eg tala med deg.»
2 Då han tala til meg, kom det ånd i meg. Ho reiste meg opp på føtene, og eg kunne høyra han som tala til meg.
3 Han sa til meg: «Menneske! Eg sender deg til israelittane, til opprørske folkeslag som har reist seg imot meg. Dei og fedrane deira har synda mot meg til denne dag.
4 Til desse borna med steinandlet og harde hjarte sender eg deg, og du skal seia til dei: Så seier Herren Gud.
5 Og anten dei vil høyra eller ikkje – for ei trassig ætt er dei – så skal dei forstå at ein profet har vore hos dei.