6 Men du, menneske, ver ikkje redd dei, og ver ikkje redd for det dei seier, sjølv om klunger er omkring deg og du bur mellom skorpionar. Lat deg ikkje skremma av det dei seier, og mist ikkje motet, sjølv om dei er ei trassig ætt.
7 Du skal tala mine ord til dei anten dei vil høyra eller ikkje, for trassige er dei.
8 Men du, menneske, høyr på det eg har å seia deg! Ver ikkje trassig som denne trassige ætta. Lat opp munnen og et det eg vil gje deg.»
9 Eg såg, og sjå! – ei hand var rett fram mot meg, og ho heldt ein bokrull.
10 Han opna rullen framfor meg. Det var skrive på han, både inni og utanpå. Og det som stod skrive der, var likklage, sukk og verop.