10 Så førte eg dei ut frå Egypt og ut i ørkenen.
11 Eg gav dei forskriftene mine og kunngjorde lovene mine for dei. Det mennesket som held dei, skal leva ved dei.
12 Sabbatane mine gav eg dei òg. Dei skulle vera teikn mellom meg og dei. Slik skulle dei vita at eg er Herren, som helgar dei.
13 Men Israels hus trassa meg i ørkenen. Dei følgde ikkje forskriftene mine og forakta lovene mine – endå det mennesket som held dei, skal leva ved dei. Og sabbatane vanhelga dei grovt. Då sa eg at eg ville ausa ut min harme over dei i ørkenen og gjera ende på dei.
14 Eg gjorde det for mitt namn skuld, så det ikkje skulle bli vanhelga framfor auga på folkeslaga som såg at eg førte israelittane ut.
15 Då lyfte eg handa der i ørkenen og svor på at eg ikkje ville føra dei inn i landet eg hadde gjeve dei, det som fløymer med mjølk og honning, det herlegaste av alle land.
16 For dei forakta lovene mine og følgde ikkje forskriftene mine. Sabbatane mine vanhelga dei, for hjartet følgde avgudane deira.