16 For dei forakta lovene mine og følgde ikkje forskriftene mine. Sabbatane mine vanhelga dei, for hjartet følgde avgudane deira.
17 Men eg viste medkjensle og rydda dei ikkje ut. Eg gjorde ikkje ende på dei i ørkenen.
18 Eg sa til sønene deira i ørkenen: «Følg ikkje forskriftene til fedrane dykkar, hald ikkje lovene deira og gjer dykk ikkje ureine med avgudane deira!
19 Eg er Herren dykkar Gud. Følg forskriftene mine, ta vare på lovene mine og lev etter dei!
20 Hald sabbatane mine heilage! Dei skal vera eit teikn mellom meg og dykk, så de kan vita at eg er Herren dykkar Gud.»
21 Men borna trassa meg. Dei følgde ikkje mine forskrifter. Dei tok ikkje vare på mine lover og levde ikkje etter dei, endå det mennesket som held dei, får leva ved dei. Sabbatane mine vanhelga dei. Då sa eg at eg ville ausa ut min harme over dei og bruka opp all mi harme på dei i ørkenen.
22 Men eg heldt handa mi tilbake. Eg gjorde det for mitt namn skuld, så det ikkje skulle bli vanhelga mellom folkeslaga som såg at eg førte israelittane ut.