19 Eg er Herren dykkar Gud. Følg forskriftene mine, ta vare på lovene mine og lev etter dei!
20 Hald sabbatane mine heilage! Dei skal vera eit teikn mellom meg og dykk, så de kan vita at eg er Herren dykkar Gud.»
21 Men borna trassa meg. Dei følgde ikkje mine forskrifter. Dei tok ikkje vare på mine lover og levde ikkje etter dei, endå det mennesket som held dei, får leva ved dei. Sabbatane mine vanhelga dei. Då sa eg at eg ville ausa ut min harme over dei og bruka opp all mi harme på dei i ørkenen.
22 Men eg heldt handa mi tilbake. Eg gjorde det for mitt namn skuld, så det ikkje skulle bli vanhelga mellom folkeslaga som såg at eg førte israelittane ut.
23 Så lyfte eg handa der i ørkenen på at eg ville spreia dei mellom folkeslaga og strø dei ut i landa.
24 For dei heldt ikkje lovene mine, forskriftene mine forakta dei, og sabbatane mine vanhelga dei. Auga deira hang ved avgudane til fedrane.
25 Difor gav eg dei forskrifter som ikkje var gode, og lover som dei ikkje kunne leva ved.