2 Då kom Herrens ord til meg:
3 Menneske, tal til Israels eldste og sei til dei: Så seier Herren Gud: Kjem de hit og søkjer råd hos meg? Så sant eg lever, seier Herren Gud, eg lèt ikkje dykk spørja meg om råd.
4 Vil du dømma dei, menneske, vil du dømma? Så gjer kjent for dei alt det avskyelege hos fedrane deira.
5 Du skal seia til dei: Så seier Herren Gud: Den gongen eg valde ut Israel, lyfte eg handa til eid for Jakobs ætt. Eg gav meg til kjenne for dei i Egypt, eg lyfte mi hand og sa til dei: «Eg er Herren dykkar Gud.»
6 Den dagen lyfte eg handa på at eg ville føra dei ut frå Egypt, til eit land som eg hadde sett ut til dei, eit land som fløymer med mjølk og honning, det herlegaste av alle land.
7 Eg sa til dei: «Kvar og ein må kasta bort alt det motbydelege som auga heng ved. Gjer dykk ikkje ureine med avgudane i Egypt! Eg er Herren dykkar Gud.»
8 Men dei var trassige og nekta å høyra på meg. Ingen kasta bort det motbydelege som auga hang ved, og dei vende seg ikkje bort frå avgudane i Egypt. Då sa eg at eg ville ausa ut min harme og bruka opp all min vreide på dei der i Egypt.