24 For dei heldt ikkje lovene mine, forskriftene mine forakta dei, og sabbatane mine vanhelga dei. Auga deira hang ved avgudane til fedrane.
25 Difor gav eg dei forskrifter som ikkje var gode, og lover som dei ikkje kunne leva ved.
26 Eg gjorde dei ureine ved offergåvene når dei bar fram det som kom først ut av morslivet. Det gjorde eg for å slå dei med skrekk, så dei skulle kjenna at eg er Herren.
27 Difor, menneske, skal du tala til Israels hus og seia til dei: Så seier Herren Gud: Endå ein gong hånte fedrane meg, trulause som dei var.
28 Eg førte dei inn i det landet som eg med lyft hand hadde lova å gje dei. Men så snart dei fekk sjå ein høg haug eller eit lauvrikt tre, ofra dei sine slaktoffer der og bar fram sine offergåver som gjorde meg rasande. Dit kom dei med velluktande offer, og der auste dei ut sine drikkoffer.
29 Då spurde eg dei: «Kva er det med den offerhaugen som de går til?» – Det heiter offerhaug den dag i dag.
30 Difor skal du seia til Israels hus: Så seier Herren Gud: Vil de gjera dykk ureine på same måten som fedrane dykkar og springa etter dei motbydelege gudane deira med hor i blikket?