40 For på mitt heilage fjell, på det høgaste fjellet i Israel, skal heile Israels hus tena meg, alle som er i landet, seier Herren Gud. Der skal eg visa dei godvilje, og der skal eg spørja etter offergåvene og førstegrøda som de ber fram, alle dei heilage gåvene dykkar.
41 For den gode offerangen si skuld vil eg visa godvilje når eg fører dykk ut frå folka og samlar dykk frå landa der de no er spreidde. Gjennom dykk viser eg meg heilag framfor auga på folkeslaga.
42 De skal kjenna at eg er Herren når eg fører dykk til Israels land, det landet som eg med lyft hand lova å gje fedrane dykkar.
43 Der skal de minnast korleis de gjekk fram og alt de gjorde og vart ureine ved. De skal avsky dykk sjølve fordi de gjorde så mykje vondt.
44 De skal kjenna at eg er Herren når eg handlar slik med dykk for mitt namn skuld, Israels hus, og ikkje gjev dykk att for dykkar vonde ferd og øydeleggjande gjerningar, seier Herren Gud.