7 Eg sa til dei: «Kvar og ein må kasta bort alt det motbydelege som auga heng ved. Gjer dykk ikkje ureine med avgudane i Egypt! Eg er Herren dykkar Gud.»
8 Men dei var trassige og nekta å høyra på meg. Ingen kasta bort det motbydelege som auga hang ved, og dei vende seg ikkje bort frå avgudane i Egypt. Då sa eg at eg ville ausa ut min harme og bruka opp all min vreide på dei der i Egypt.
9 Eg gjorde det for mitt namn skuld, så det ikkje skulle bli vanhelga framfor auga på folkeslaga som dei levde imellom, dei eg hadde gjeve meg til kjenne for ved å føra dei ut frå Egypt.
10 Så førte eg dei ut frå Egypt og ut i ørkenen.
11 Eg gav dei forskriftene mine og kunngjorde lovene mine for dei. Det mennesket som held dei, skal leva ved dei.
12 Sabbatane mine gav eg dei òg. Dei skulle vera teikn mellom meg og dei. Slik skulle dei vita at eg er Herren, som helgar dei.
13 Men Israels hus trassa meg i ørkenen. Dei følgde ikkje forskriftene mine og forakta lovene mine – endå det mennesket som held dei, skal leva ved dei. Og sabbatane vanhelga dei grovt. Då sa eg at eg ville ausa ut min harme over dei i ørkenen og gjera ende på dei.