12 Og når dei seier til deg: Kvifor stønnar du, skal du svara: På grunn av ei melding som kjem. Då skal kvart hjarte smelta bort, alle hender bli slappe, kvar ånd bli motlaus og alle kne bli som vatn. Sjå, det kjem, det skal henda! seier Herren Gud.
13 Herrens ord kom til meg:
14 Menneske, tal profetord og sei:Så seier Herren:Sverd, sverd, kvesst og slipt,
15 kvesst for å slakta,slipt for å blinka som lyn.– Eller skal vi gleda oss?Herskarstaven til son min foraktar du, kvart tre. –
16 Sverdet vart gjeve til slipingog lagt i handa.Det vart kvesst og sliptog gjeve til den som skal drepa.
17 Skrik og hyl, du menneske!For sverdet råkar mitt folkog alle Israels fyrstar.Dei er overlatne til sverdetsaman med mitt folk.Difor skal du slå deg på låret.
18 For dette er prøva.Kva om du òg har forakta herskarstaven?Det skal ikkje henda,seier Herren Gud.