21 Bit kvast til høgreog hogg til venstre,kvar du så blir vend.
22 Då skal eg òg slå hendene samanog bruka opp min harme.Eg, Herren, har tala.
23 Herrens ord kom til meg:
24 Du menneske, merk av to vegar som sverdet til Babel-kongen kan følgja. Begge vegane skal gå ut frå same landet. Og der vegane tek av til byar, skal du setja opp merke
25 ved vegkryssa, så sverdet kan fara til Rabba i ammonittlandet og til Juda, som har Jerusalem til festningsby.
26 Attmed vegskiljet der dei to vegane byrjar, har Babel-kongen stilt seg opp for å ta varsel. Han kastar lodd med piler, søkjer råd hos terafar og granskar levra frå offerdyr.
27 I høgre handa har han varselet for Jerusalem. Der skal han reisa rambukkar, opna munnen i kampskrik og lyfta røysta til krigsrop. Han skal stilla opp rambukkar mot portane, kasta opp ein voll og byggja skansar.