1 Herrens ord kom til meg:
2 Du menneske, vil du dømma? Vil du dømma blodbyen og la han få vita om alt det avskyelege der?
3 Du skal seia: Så seier Herren Gud: Byen som lèt blodet renna i gatene, hans tid kjem. Han har laga seg avgudsbilete og er vorten urein.
4 Med blodet du lèt flyta, fører du skuld over deg, og med avgudsbileta du lagar, gjer du deg urein. Du nærmar deg dine dagars ende, du kjem til slutten av dine år. Difor gjer eg deg til spott for folkeslaga, til hån for alle land.
5 Både nær ved og langt borte skal folk håna deg, du som har skitna til namnet ditt og er i full forvirring.
6 Sjå, Israels fyrstar, kvar med si makt, er hos deg for å ausa ut blod.