20 Slik ein samlar sølv, kopar, jern, bly og tinn i ein smelteomn og så pustar på elden for å smelta det, slik skal eg i min vreide og harme samla dykk, leggja dykk i omnen og smelta dykk.
21 Når eg samlar dykk og pustar på dykk med min vreides eld, skal de smelta i den.
22 Som sølvet smeltar i omnen, slik skal de òg smeltast i han. Då skal de kjenna at eg er Herren, og eg auser ut min harme over dykk.
23 Herrens ord kom til meg:
24 Menneske, sei til henne: Du er eit land som ikkje er reinsa. Du får ikkje regn på vreidedagen.
25 Fyrstane dine liknar brølande løver som riv sund bytte. Dei et menneske, tek rikdom og dyre skattar og gjer mange til enkjer der.
26 Prestane gjer vald på mi lov og vanhelgar mine heilagdomar. Dei skil ikkje mellom innvigd og uinnvigd. Dei lærer ikkje folk å skilja mellom ureint og reint. Dei lèt att auga for sabbatane mine. Slik blir eg vanæra mellom dei.