22 Som sølvet smeltar i omnen, slik skal de òg smeltast i han. Då skal de kjenna at eg er Herren, og eg auser ut min harme over dykk.
23 Herrens ord kom til meg:
24 Menneske, sei til henne: Du er eit land som ikkje er reinsa. Du får ikkje regn på vreidedagen.
25 Fyrstane dine liknar brølande løver som riv sund bytte. Dei et menneske, tek rikdom og dyre skattar og gjer mange til enkjer der.
26 Prestane gjer vald på mi lov og vanhelgar mine heilagdomar. Dei skil ikkje mellom innvigd og uinnvigd. Dei lærer ikkje folk å skilja mellom ureint og reint. Dei lèt att auga for sabbatane mine. Slik blir eg vanæra mellom dei.
27 Leiarane i landet liknar ulvar som riv sund byttet sitt. Dei auser ut blod og lèt liv gå tapt for å skaffa seg urett vinning.
28 Profetane stryk kalk på veggene for dei. Dei har tomme syn og spår løgn når dei seier: «Så seier Herren Gud», endå Herren ikkje har sagt noko.