3 Du skal seia: Så seier Herren Gud: Byen som lèt blodet renna i gatene, hans tid kjem. Han har laga seg avgudsbilete og er vorten urein.
4 Med blodet du lèt flyta, fører du skuld over deg, og med avgudsbileta du lagar, gjer du deg urein. Du nærmar deg dine dagars ende, du kjem til slutten av dine år. Difor gjer eg deg til spott for folkeslaga, til hån for alle land.
5 Både nær ved og langt borte skal folk håna deg, du som har skitna til namnet ditt og er i full forvirring.
6 Sjå, Israels fyrstar, kvar med si makt, er hos deg for å ausa ut blod.
7 Hos deg foraktar dei far og mor, undertrykkjer innflyttarar og er harde mot farlause og enkjer.
8 Heilagdomane mine vanvørder du, og sabbatane mine vanhelgar du.
9 Hos deg baktalar dei og auser ut blod. Dei et offerkjøt på haugane og oppfører seg lausaktig.