5 Både nær ved og langt borte skal folk håna deg, du som har skitna til namnet ditt og er i full forvirring.
6 Sjå, Israels fyrstar, kvar med si makt, er hos deg for å ausa ut blod.
7 Hos deg foraktar dei far og mor, undertrykkjer innflyttarar og er harde mot farlause og enkjer.
8 Heilagdomane mine vanvørder du, og sabbatane mine vanhelgar du.
9 Hos deg baktalar dei og auser ut blod. Dei et offerkjøt på haugane og oppfører seg lausaktig.
10 Dei avdekkjer den nakne kroppen til far sin og krenkjer kvinner som er ureine med menstruasjon.
11 Ein mann gjer avskyelege ting med kona til nesten sin, ein annan driv hor med svigerdottera, og ein tredje krenkjer syster si, dotter til hans eigen far.