8 Heilagdomane mine vanvørder du, og sabbatane mine vanhelgar du.
9 Hos deg baktalar dei og auser ut blod. Dei et offerkjøt på haugane og oppfører seg lausaktig.
10 Dei avdekkjer den nakne kroppen til far sin og krenkjer kvinner som er ureine med menstruasjon.
11 Ein mann gjer avskyelege ting med kona til nesten sin, ein annan driv hor med svigerdottera, og ein tredje krenkjer syster si, dotter til hans eigen far.
12 Hos deg tek dei pengar for å ausa ut blod. Du tek renter og avgift. Du utnyttar nesten din med utpressing. Men meg har du gløymt, seier Herren Gud.
13 Sjå, eg slår hendene saman fordi du har skaffa deg urett vinning og aust ut blod.
14 Held hjartet ditt enno stand, er hendene dine enno sterke den dagen eg grip inn mot deg? Eg, Herren, har tala, og eg set det i verk.