26 Dei riv av deg kleda og tek smykka dine.
27 Slik gjer eg slutt på det skamlause horelivet som du la deg til i Egypt. Du skal ikkje kikka etter elskarane dine, og egyptarane skal du ikkje tenkja på meir.
28 For så seier Herren Gud: Sjå, eg gjev deg over i hendene på dei du hatar, dei som du braut med.
29 Dei skal visa sitt hat mot deg og ta frå deg alt du har streva for. Dei lèt deg liggja naken og avkledd så ditt nakne hor blir synleg, ditt skamlause horeliv.
30 Dette skal dei gjera mot deg fordi du dreiv hor og la deg etter andre folkeslag og gjorde deg urein med avgudane deira.
31 På di systers veg gjekk du, og hennar beger gjev eg i di hand.
32 Så seier Herren Gud:Begeret til syster di skal du drikka,det er både djupt og vidt.Då blir du til lått og spott,for begeret rømmer mykje.