34 Du må drikka det ut til siste dropenog knusa det til brot,og brysta dine skal du kutta opp.For eg har tala,seier Herren Gud.
35 Difor seier Herren Gud: Fordi du gløymde meg og vende meg ryggen, skal du bera vekta av ditt skamlause horeliv.
36 Herren sa til meg: Menneske, vil du dømma Ohola og Oholiba? Då skal du fortelja dei om alt det avskyelege dei har gjort.
37 Dei braut ekteskapet og har blod på hendene. Dei braut ekteskapet ved å dyrka avgudane sine, og borna som dei hadde fødd meg, gav dei til føde for dei.
38 Ja, endå meir har dei gjort mot meg: Dei gjorde heilagdomen min urein og vanhelga sabbatane mine.
39 Når dei hadde slakta borna sine for avgudane, kom dei same dagen inn i heilagdomen min og vanhelga han. Sjå, dette gjorde dei i mitt hus!
40 Dei sende til og med bod etter menn i fjerne land. Det vart sendt ein bodberar til dei, og sjå, då kom dei, desse som du hadde vaska deg for, sminka auga og pynta deg for med smykke.