1 Herrens ord kom til meg i det niande året, på den tiande dagen i den tiande månaden:
2 Menneske, skriv opp namnet på denne dagen, nettopp denne dagen! For kongen av Babel har rykt fram mot Jerusalem på nettopp denne dagen.
3 Fortel ei likning til dette trassige folket. Sei til dei:Så seier Herren Gud:Set gryta over!Set henne over og slå vatn oppi!
4 Legg kjøtstykke oppi,berre gode stykke av lår og bog,fyll gryta med dei beste knokane!
5 Ta det beste av småfeet!Legg ved under gryta.Lat henne koka opp,og lat knokane stå og koka.
6 Difor, så seier Herren Gud:Ve den blodige byen,gryta som har skjoldar,og som skjoldane ikkje går av.Tøm henne, stykke for stykke.Det er ikkje kasta lodd om henne.