11 Lat gryta stå tom på glørne,lat henne bli så varmat koparen gløder.Så skal ureinskapen smeltast ut or henneog skjoldane bli borte.
12 Skjoldar gjev strev.Men skjoldane går ikkje av,i elden med dei!
13 Du er urein og skamlaus.Eg reinsa deg,og endå vart du ikkje rein.No vil eg ikkje reinsa deg meirfør eg har brukt opp min harme på deg.
14 Eg, Herren, har tala.Det kjem, eg set det i verk,eg lèt ikkje vera.Eg viser ikkje medkjensleog angrar ikkje.Etter di ferd og dine gjerningarskal dei dømma deg,seier Herren Gud.
15 Herrens ord kom til meg:
16 Menneske, sjå, med eitt slag tek eg frå deg det som gjev auga glede. Men sørg ikkje, gråt ikkje og fell ikkje tårer.
17 Du skal sukka stilt, men du skal ikkje halda sørgjehøgtid over dei døde. Bind turbanen på deg og ta sandalar på føtene! Løyn ikkje skjegget, og et ikkje brødet folk kjem med!