15 Herrens ord kom til meg:
16 Menneske, sjå, med eitt slag tek eg frå deg det som gjev auga glede. Men sørg ikkje, gråt ikkje og fell ikkje tårer.
17 Du skal sukka stilt, men du skal ikkje halda sørgjehøgtid over dei døde. Bind turbanen på deg og ta sandalar på føtene! Løyn ikkje skjegget, og et ikkje brødet folk kjem med!
18 Eg tala til folket om morgonen, om kvelden døydde kona mi. Morgonen etter gjorde eg som eg var pålagd.
19 Då sa folket til meg: «Vil du ikkje fortelja oss kva dette har med oss å gjera? Kvifor gjer du det?»
20 Eg svara: Herrens ord kom til meg:
21 Sei til Israels hus: Så seier Herren Gud: Sjå, eg vil vanhelga heilagdomen min, dykkar stolte vern, det som gjev auga glede og som sjela lengtar etter. Sønene og døtrene som de lét vera att, skal falla for sverd.