22 Då skal de gjera som eg har gjort: Løyn ikkje skjegget, et ikkje brødet folk kjem med!
23 Bind turbanen om hovudet, ta sandalar på føtene! Sørg ikkje, gråt ikkje! De skal visna bort i syndene dykkar og stønna til kvarandre.
24 Esekiel skal vera eit varsel for dykk. Alt han har gjort, skal de òg gjera. Når dette hender, skal de kjenna at eg er Herren Gud.
25 Og du, menneske, den dagen eg tek frå dei deira vern, deira herlege fryd, det som gjev auga glede og som sjela ber på, sønene og døtrene deira,
26 den dagen skal den som slepp unna, koma til deg og la deg få høyra om det.
27 Den dagen skal munnen din opnast framfor den som slapp unna. Du skal tala og ikkje lenger vera mållaus. Du skal vera eit varsel for dei, og dei skal kjenna at eg er Herren.