5 Ta det beste av småfeet!Legg ved under gryta.Lat henne koka opp,og lat knokane stå og koka.
6 Difor, så seier Herren Gud:Ve den blodige byen,gryta som har skjoldar,og som skjoldane ikkje går av.Tøm henne, stykke for stykke.Det er ikkje kasta lodd om henne.
7 For det flaut blod der i byen.Dei lét det renna på nakne bergetog slo det ikkje ut på bakkenså molda kunne dekkja det.
8 For å gje harmen fritt løp,for å få hemn,lét eg blodet renna på nakne bergetså det ikkje skulle dekkjast til.
9 Difor, så seier Herren Gud:Ve den blodige byen!Eg òg gjer bålet stort.
10 Legg på mykje ved,kveik opp eld!Kok kjøtet tørt,kok krafta inn,lat knokane bli brende.
11 Lat gryta stå tom på glørne,lat henne bli så varmat koparen gløder.Så skal ureinskapen smeltast ut or henneog skjoldane bli borte.