1 Herrens ord kom til meg:
2 Menneske, vend deg mot ammonittane og tal profetord mot dei.
3 Sei til ammonittane: Høyr ordet frå Herren Gud:Så seier Herren Gud:Du sa ha-ha!om min heilagdom då han vart vanhelga,om Israels land då det vart lagt øyde,om Judas hus då dei gjekk i eksil.
4 Sjå, difor lèt eg folka frå aust ta deg i eige.Dei skal slå leir og setja opp bustader hos deg.Dei skal eta di frukt og drikka di mjølk.
5 Rabba gjer eg til ei beitemark for kamelar,Ammon til kvileplass for småfe.Då skal de kjenna at eg er Herren.
6 For så seier Herren Gud:Du klappa i hendene,du trampa med føtene,du fryda deg over Israels land i forakt.