1 Det var i det ellevte året, på den første dagen i månaden. Herrens ord kom til meg:
2 Menneske, Tyros har sagt om Jerusalem:«Ha-ha! Knust er hosom var ein port for folka,no er ho vend mot meg.Eg gjer meg rik, ho er lagd øyde.»
3 Difor seier Herren Gud:Eg kjem over deg, Tyros.Eg lèt mange folkeslag slå inn over deg,liksom havet lèt bølgjene slå.
4 Dei skal bryta ned murane kring Tyrosog leggja tårna i grus.Eg vil feia jorda vekkog gjera henne til nake berg.
5 Ein tørkeplass for fiskegarnskal ho bli, midt i havet,for eg har tala,seier Herren Gud.Ho skal bli eit bytte for folkeslaga.