17 Dei stemmer i ei likklage og seier om deg:Korleis kunne du gå til grunne,du som fekk ditt folk frå havet,den lovprisa byensom var mektig på sjøen,byen og hennar innbyggjararsom spreidde redsle blant alle som bur der.
18 No skjelv kystane,det er dagen for ditt fall,øyane i havet blir slegne av skrekkover den enden du fekk.
19 Så seier Herren Gud:Når eg gjer deg til ein herja by,lik byar det ikkje bur folk i,når eg lèt havdjupet slå inn over degog veldige vatn dekkjer deg,
20 då fører eg deg nedtil dei som har gått i grav,ned til folk frå fortida.Eg lèt deg bu i landet der nede,det liknar ruinar frå gammal tid,saman med dei som har gått i grav,så du ikkje vender attendeog får plass i landet til dei levande.
21 Eg gjer deg til skremsel,du skal ikkje vera meir.Dei skal leita etter deg,men du skal aldri meir bli funnen,seier Herren Gud.