3 Difor seier Herren Gud:Eg kjem over deg, Tyros.Eg lèt mange folkeslag slå inn over deg,liksom havet lèt bølgjene slå.
4 Dei skal bryta ned murane kring Tyrosog leggja tårna i grus.Eg vil feia jorda vekkog gjera henne til nake berg.
5 Ein tørkeplass for fiskegarnskal ho bli, midt i havet,for eg har tala,seier Herren Gud.Ho skal bli eit bytte for folkeslaga.
6 Døtrene ute på markaskal bli drepne med sverd.Dei skal kjenna at eg er Herren.
7 For så seier Herren Gud:Sjå, frå nord sender eg Nebukadnesar mot Tyros,Babels konge, kongen over kongar,med hestar, vogner og ryttarar,ein hær av folk.
8 Døtrene dine ute på markaskal han slå i hel med sverd.Han skal byggja skansar,kasta opp ein vollog reisa ein mur av skjold mot deg.
9 Så støyter han rambukken mot murane dine,med våpen bryt han tårna ned.