4 Dei skal bryta ned murane kring Tyrosog leggja tårna i grus.Eg vil feia jorda vekkog gjera henne til nake berg.
5 Ein tørkeplass for fiskegarnskal ho bli, midt i havet,for eg har tala,seier Herren Gud.Ho skal bli eit bytte for folkeslaga.
6 Døtrene ute på markaskal bli drepne med sverd.Dei skal kjenna at eg er Herren.
7 For så seier Herren Gud:Sjå, frå nord sender eg Nebukadnesar mot Tyros,Babels konge, kongen over kongar,med hestar, vogner og ryttarar,ein hær av folk.
8 Døtrene dine ute på markaskal han slå i hel med sverd.Han skal byggja skansar,kasta opp ein vollog reisa ein mur av skjold mot deg.
9 Så støyter han rambukken mot murane dine,med våpen bryt han tårna ned.
10 Han har så mange hestarat støvet frå dei dekkjer deg.Av larmen frå ryttarar, hjul og vognerrister murane dinenår han dreg inn gjennom portaneslik dei rykkjer inn i ein hærteken by.