1 Herrens ord kom til meg:
2 Du menneske, stem i ei likklage over Tyros!
3 Du skal seia til Tyros, som ligg ved portane til havet og handlar med folk på mange kystar:Så seier Herren Gud:Tyros, du har sagt:«Eg er fullkomen i min venleik.»
4 Midt ute på havetgår grensene dine.Dei som bygde deg,gjorde deg fullkomen i venleik.
5 Dei bygde med plankarav sypress frå Senir,ein seder frå Libanon tok deifor å laga deg ei mast.
6 Av eik frå Basan laga dei årar,treverk innlagt med elfenbeinlaga dei av sypress frå kittearøyane.