3 Sjå, visare er du enn Daniel,ingen løyndom er duld for deg.
4 Med visdom og vithar du skaffa deg makt,du har skaffa sølv og gulltil skattkammera dine.
5 Med stor visdom i handelauka du di makt,men hjartet vart hovmodig av makta.
6 Difor seier Herren Gud:Fordi du gjorde hjartetlikt eit gudehjarte,
7 sender eg mot degframande, brutale folkeslag.Dei dreg sverdetmot din vene visdomog vanærar di prakt.
8 Dei styrtar deg i avgrunnen,drepen manns død skal du lidamidt ute på havet.
9 Vil du verkeleg seia «Eg er gud»andlet til andlet med din mordar?Men du er menneske og ikkje gudi hendene på dine drapsmenn.