1 Det var i det tiande året, på den tolvte dagen i den tiande månaden, at Herrens ord kom til meg:
2 Menneske, vend deg mot farao, kongen i Egypt! Tal profetord mot han og heile Egypt.
3 Tal og sei:Så seier Herren Gud:Sjå, eg kjem over deg,farao, konge over Egypt,store uhyresom ligg roleg i elvane,du som seier: «Nilen er mi,eg har laga ho sjølv.»
4 Eg set krokar i kjakane på degog klistrar fisk frå elvane dinefast til skjela dine.Eg dreg deg opp or elvane,og all fisk frå elvaneklistrar seg fast til skjela dine.
5 Eg slengjer deg ut i ørkenen,deg og all fisken frå elvane.Du skal bli liggjande på marka,og ingen kan samla eller sanka deg saman.Eg gjev deg til føde for villdyra på jordaog for fuglane under himmelen.
6 Då skal alle som bur i Egypt,kjenna at eg er Herren,for dei har vore ein røyrstav for Israels hus.