5 Eg slengjer deg ut i ørkenen,deg og all fisken frå elvane.Du skal bli liggjande på marka,og ingen kan samla eller sanka deg saman.Eg gjev deg til føde for villdyra på jordaog for fuglane under himmelen.
6 Då skal alle som bur i Egypt,kjenna at eg er Herren,for dei har vore ein røyrstav for Israels hus.
7 Når dei grip deg i handa, blir du knekt,men du flengjer armen på dei.Når dei stør seg på deg, blir du knust,men du gjer alle hofter kraftlause.
8 Difor seier Herren Gud:Sjå, eg lèt sverd koma over deg,eg ryddar ut både menneske og dyr.
9 Egypt skal bli øydemark og ørken,dei skal kjenna at eg er Herren.Farao sa: «Nilen er mi, eg har laga henne.»
10 Difor kjem eg motbåde deg og elvane dine,eg gjer Egypt til ruinrøys og øydemark,frå Migdol til Syene,til grensa mot Kusj.
11 Der skal menneskefot ikkje trøog dyrefot ikkje trakka.Ingen skal bu der på førti år.