11 Gå til dei bortførte av folket ditt, tal til dei og sei: Så seier Herren Gud – anten dei vil høyra eller ikkje.»
12 Då lyfte ånda meg opp, og bak meg høyrde eg ljomen av ei kraftig røyst: «Herrens herlegdom vere lova frå hans bustad!»
13 Og eg høyrde lyden av skapningane når vengene deira støytte mot kvarandre, lyden av hjula attmed dei og lyden av ein sterk ljom.
14 Ånda lyfte meg opp og tok tak i meg, eg fór av stad, beisk og oppøst, og Herrens hand var over meg med styrke.
15 Eg kom til dei bortførte i Tel-Abib, dei som budde attmed Kebar-elva og heldt til der. Og der sat eg hos dei i sju dagar, heilt lamslegen.
16 Då dei sju dagane var gått, kom Herrens ord til meg:
17 Menneske, eg set deg til vaktmann over Israels hus. Når du høyrer eit ord frå min munn, skal du åtvara dei frå meg.