18 Når eg seier til den urettferdige: «Du skal døy» og du ikkje åtvarar han, ikkje talar slik at han blir åtvara mot sin urette veg så han kan leva, då skal den urettferdige døy for si synd. Og hans blod skal eg krevja av di hand.
19 Om du åtvarar den urettferdige og han ikkje vender om frå sin urett og sin urette veg, då skal han døy for si synd. Men du har berga livet.
20 Når ein rettferdig vender seg bort frå si rettferd og gjer urett, så legg eg ein snublestein i vegen hans; han skal døy. Om du ikkje åtvarar han, skal han mista livet for si synd, og ingen skal minnast hans rettferd. Og hans blod skal eg krevja av di hand.
21 Om du åtvarar den rettferdige mot å synda og han ikkje syndar meir, då skal han leva fordi han lét seg åtvara. Og du har berga livet.
22 Herrens hand kom over meg der, og han sa til meg: «Stå opp og gå ned i dalen! Der vil eg tala til deg.»
23 Då stod eg opp og gjekk ned i dalen. Og sjå, der stod Herrens herlegdom, lik den eg såg attmed Kebar-elva. Og eg kasta meg ned med andletet mot jorda.
24 Men då kom det ånd i meg, og ho reiste meg opp på føtene. Han tala til meg og sa: «Gå og steng deg inne i huset ditt!