3 «Menneske», sa han. «Mett magen din og fyll innvolane dine med denne rullen som eg gjev deg.» Då åt eg rullen, og han gav ein søtsmak i munnen som honning.
4 Så sa han til meg: «Menneske, gå til Israels hus og tal mine ord til dei!
5 Det er ikkje til eit folk med tungt og vanskeleg språk du blir send, men til Israels hus,
6 ikkje til mange folk med så tunge og vanskelege språk at du ikkje oppfattar kva dei seier. Om det var dei eg sende deg til, hadde dei høyrt på deg.
7 Men Israels hus vil nekta å høyra på deg, for dei nektar å høyra på meg. For alle har harde panner og steinhjarte.
8 Sjå, eg gjer andletet ditt like hardt som deira andlet og panna di like hard som deira panne.
9 Som diamant, ja, hardare enn flint gjer eg panna di. Ikkje ver redd dei og ikkje skjelv for dei, sjølv om dei er ei trassig ætt.»