4 Vatnet gjorde sederen stor,han fekk sin vokster frå djupet,derifrå gjekk straumanerundt staden der han var planta,derifrå rann bekkenetil alle tre på marka.
5 Difor vart han høgareenn alle trea på marka.Han fekk mange greiner,kvistene vart langeav vatnet som strøymde så rikt.
6 Alle slag fuglar under himmelenbygde reir i greinene,alle dyr på markafødde sine ungar under lauvverket,og i skuggen av sederenbudde mange folkeslag.
7 Han var vakker og stormed sine lange greiner,for røtene fekk rikeleg med vatn.
8 Ingen seder i Guds hagekunne måla seg med han,ingen sypress hadde slike greiner,ingen platan så rikt lauvverk.Ikkje noko tre i Guds hagevar så fagert som han.
9 Så fager hadde eg gjort han,med ein rikdom av greiner,at alle Eden-tre i Guds hagevar misunnelege på han.
10 Difor seier Herren Gud:Han vart høg av vokster,strekte krona si opp mellom skyeneog vart hovmodigfordi han var høg.