8 Ingen seder i Guds hagekunne måla seg med han,ingen sypress hadde slike greiner,ingen platan så rikt lauvverk.Ikkje noko tre i Guds hagevar så fagert som han.
9 Så fager hadde eg gjort han,med ein rikdom av greiner,at alle Eden-tre i Guds hagevar misunnelege på han.
10 Difor seier Herren Gud:Han vart høg av vokster,strekte krona si opp mellom skyeneog vart hovmodigfordi han var høg.
11 Difor gav eg han overtil hovdingen over folkeslaga,så han kunne gripa inn mot han.På grunn av urettendreiv eg han ut.
12 Framande, brutale folkeslaghogg han ned og lét han liggja.På fjella og ned i dalane fall greinene.Kvistene låg knektei alle bekkefar på jorda.Alle folk på jordasom budde i skuggen hans,braut opp og lét sederen liggja.
13 På den falne stammenslo alle fuglar under himmelen seg ned,til lauvverket kom alle dyr på marka.
14 Difor skal ikkje noko tre som står attmed vatn,veksa for høgtog strekkja krona opp mellom skyene.Ingen som syg vatn,skal nå så høgt som dit.For alle er gjevne døden i valdi landet der nede,mellom menneske som har gått i grav.