1 Det var i det tolvte året, på den første dagen i den tolvte månaden. Herrens ord kom til meg:
2 Menneske, stem i ei likklage over farao, kongen i Egypt, og sei til han:Du løve mellom folkeslaga, taus har du vorte.Du var som uhyret i sjøen,frøsande fór du i elvane dine.Du grumsa til vatnet med føteneog rota opp mudder i elvane.
3 Så seier Herren Gud:Eg kastar garnet mitt over degmedan mange folk er samla,dei skal dra deg opp med nota.
4 Eg slengjer deg opp på landog kastar deg på marka.Eg lèt alle fuglar under himmelenslå seg ned på degog lèt alle dyr på jordametta seg på deg.