17 Det var i det tolvte året, på den femtande dagen i månaden. Herrens ord kom til meg:
18 Menneske, klag over flokken i Egypt,du og døtrene av folkeslaga,og før ned dei mektigetil landet der nede,til dei som har gått i grav!
19 Er du finare enn andre?Stig ned og legg deg hos uomskorne!
20 Dei skal falla mellom mennsom blir drepne med sverd.Sverdet vart gjeve,dei drog det mot landetog heile flokken der.
21 Nede frå dødsriket skal sterke kjemperseia om farao og hjelparane hans:«No har dei fare ned og lagt seghos uomskorne, drepne med sverd.»
22 Der ligg Assurmed heile hæren rundt si grav.Alle vart drepne, dei fall for sverd.
23 Dei fekk gravene sine inst i hòla.Hæren ligg der rundt hans grav.Alle vart drepne, dei fall for sverd,dei som spreidde redsle i landet til dei levande.