23 Dei fekk gravene sine inst i hòla.Hæren ligg der rundt hans grav.Alle vart drepne, dei fall for sverd,dei som spreidde redsle i landet til dei levande.
24 Der ligg Elammed heile flokken rundt si grav.Alle vart drepne, dei fall for sverd.Uomskorne fór deitil landet der nede.Dei spreidde redsle i landet til dei levande,no må dei bera si vanærehos dei som gjekk i grav.
25 Mellom drepne fekk han sitt leiemed heile flokken rundt si grav.Alle er uomskorne,drepne med sverd.For dei spreidde redsle i landet til dei levande,no må dei bera si vanærehos dei som gjekk i grav,mellom drepne vart dei lagde.
26 Der er Mesjek og Tubalmed heile flokken rundt si grav.Alle er uomskorne,drepne med sverd.Dei spreidde redsle i landet til dei levande.
27 Dei ligg ikkje hos kjempenesom fall uomskorneog fór ned til dødsriket med sine våpen,dei som fekk sverda lagde under hovudet,men skulda låg tungt over knoklane.For det stod redsle av kjempenei landet til dei levande.
28 Du skal òg bli knust mellom uomskorneog liggja hos dei som er drepne med sverd.
29 Der er Edommed sine kongar og alle sine hovdingar.Trass i all si kraft vart dei lagdehos dei som vart drepne med sverd,dei ligg hos uomskorne,hos dei som gjekk i grav.